The Main Level

Publisert av:
9/7/2013 08:09

I går kunngjorde The Main Level på heimesida si at Alex er nytt medlem i gruppa, og at dei samstundes har lagt ut ein ny video, ein cover av Demi Lovato’s ” Made In USA “.   [youtube]jykTB4KbcZk[/youtube]

Alexander Instøy deltok tidlegare i år på Idol, med gjekk diverre ikkje vidare. 
Han er eit stort talent som både syng og spelar gitar.

Litt om dei to andre medlemane i gruppa:
Sander Helmers-Olsen Sander er 17 år, har sunge sidan han var 4 år og har i tillegg vore med i ulike kortfilmar.
Laurent Kelmendi syng og dansar, og kom med dansegruppa MixMaster Cru til semifinalen i X-factor.