Publisert av:
9/4/2011 23:36
Thank you for the music
Tysnes musikklag leverte eit fantastisk ABBA-show eit par timar laurdag kveld for tysnesingar alt mellom 18 og 80 år til stades i eit fullsatt Vonheim.
Og med Jenny Kjellevold og Marianne Tvedt som solistar var det ein heilt fabelaktig framføring av ABBA-songar på rekkje og rad. Dei to jentene gav oss ABBA på nært hold og er nok det nærmaste me kjem ABBA nokon gong.
Og dei to med musikklaget stødig i bakgrunnen gav det heile ein flott kveld i ungdomshuset. Så var det ekstra stas då Eirik Dalland kom på scena på eit par-tre låtar og løfta det heile enno nokre hakk.
Det var ståande trampeklapp då det to timar lange showet var ferdig og det var vel unt alle som har lagt ned mange øvingstimar for å underhalda tysnesingane med ABBA.