Temakafè for kreftramma og pårørande
11/9/2019 20:19
Kreftforeningen arrangerer temakafè på Stord kommunale rehabiliteringssenter i haust. Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatte. Ein tar opp kreftrelaterte temaer og byr på ulike kulturelle innslag. Her kan ein koma innom for en kopp kaffi og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaring med kreft. Det er frivillige i Kreftforeningen som driv Kafèen. Ein krev ingen påmelding og tilbodet er gratis.
Program for hausten er:
26 September : Senskadar etter kreftbehandling, ved fysioterapeut Lise Amundsen frå Haukeland Universitetssjukehus
31. Oktober: Sykdomsmestring gjennom 20 år. Annar Westerheim deler sine erfaringar rundt eigen kreftsjukdom
28. November: Ventesorg og sorgbearbeiding, ved Valborg Sinnes, sykehusprest ved Stord Sjukehus
Tid: kl 1800 -2000
Stad: Stord kommunale rehabiliteringssenter, Lønningsåsen 9, Stord
Les meir på kreftforeningen sine sider.