Publisert av:
1/8/2009 12:40
Tapte i kvart’en
Juniorane til Os suste til kvartfinalen etter fire sigrar og 15-0 i målskilnad. Men i kvartfinalen vart det tap 1-2 for SEFA Bidjan frå Elfenbenkysten (som veka før var tapande finalist i Dana Cup).
Marcus Dalland hadde ein god kamp og redda mellom anna eit straffe på stillinga 1-1. Afrikanaren scora imidlertid like etter og dermed vart det Norway Cup exit for målmannen frå Tysnes.
Os sin trenar, Øyvind Steffensen, var saman med laget sjølvsagt skuffa over tapet, men gleda seg over at SEFA Bidjan sin trenar uttalte etter kampslutt at Os var det beste laget dei hadde spelt mot.
SEFA Bidjan kom til finalen og vann denne 1-0 over Kolbotn.