Publisert av:
15/4/2012 19:47
Tap i opninga
7.divisjon fotball starta i dag og Njardar reiste til Møhlenspris for å møta Djerv.
Det var eit særdeles ungt mannskap Njardar reiste med. Spelartroppen var på 18 mann, der heile 14 spelarar var under 20 år!
Det stod 0-0 til pause, men tidleg i 2.omgong fekk Djerv mål. Vertane frå by’n hadde også ein ball til inne, men domaren fekk ikkje det med seg.
I følge rapportane fekk ikkje Njardar særleg flyt i spelet sitt, og skapte ikkje dei heilt store sjansane. Dermed enda kampen med 0-1 tap for tysnesingane.