Tap i kvartfinale

Publisert av:
4/8/2012 07:48

Norway Cup eventyret er over for Aksel Lande og Os-gutane. Dei nådde kvartfinalen i A-sluttspelet, men her vart det tap 0-3 for Dimbars Senegal, som var eit betre lag enn osingane.

8-dels finalen i Norway Cup vart spela fredag morgon. Tysnesingen Aksel Lande scora sitt fyrste mål for Os sitt gutelag, og laget sitt fyrste mål i 3-0 sigeren over brasilianarane Alunorte Rain Forest.