Tap for G16

Publisert av:
19/9/2014 08:17

Etter ein god start mot Stord 3 i haust, har det butta imot for Njardar/Tysnes sitt g 16-lag. Torsdag (18/9) var laget til Fitjar der heimelaget vann heile 6 – 1.

Njardar/Tysnes har ein tynn spelarstall, og når to sentrale spelarar var sjuke, reiste ein til Fitjar med 12 spelarar.

Fitjar var det klart beste laget i denne kampen. I første omgang hadde dei fleire gode sjansar, men ein god Martin i mål hadde fleire kjemperedningar. I sluttminuttane gjekk Fitjar opp i 1 – 0. I andre omgang begynte det bra for Njardar/Tysnes, men då Fijar gjekk opp i 2 – 0, rakna det litt.

Ein spesiell situasjon oppstod på stillinga 5 – 1. Domaren bles for mål, men Martin ville ikkje senda ballen ut til midtstreken. Domaren heldt på sitt, og noterte mål på blokka. Det viste seg at ballen gjekk inn eit stort hol i sideveggen og i mål. Dette vart domaren gjort merksam på etter kampen.

Sondre stod for målet til Njardar/Tysnes då han skrudde ballen direkte i mål frå corner.

Spelarane til Njardar/Tysnes stod på, og innsatsen var god, men motstandaren vart denne gongen for sterk.

Desse var med: Martin Bakke, Sindre Økland, Ørjan Pettersen, Håvard Helvik, Kenneth Dalland, Alf Inge Stue, Johannes Haugsgjerd, Sondre Flygansvær, Vegard Kleppe, Karl Henrik Helgesen, Benjamin Peters og Amalie Tysnes.