Syskenbarntreff i Lindås
13/8/2009 21:21
Ãrsaka til at samlinga var lagt til denne kommunen er at Anton flytta derfrå til Tysnes via Bergen etter at han måtte og vart gift med Tora Hovland (dotter til Hans og Konradine Hovland).
Anton var yngst i ein syskenflokk på sju, og utdanna seg til møbelsnikkar i Bergen. Han produserte møblar frÃå ulike verkstader på Nymark og Hovland og hadde også ein periode på 12 år i Amerika (Brooklyn) i mellomkrigstida.
Broren Ludvik kom først til Tysnes av dei to. Saman med fetter Arne Hodnekvam (også frå Lindås), dreiv Ludvik butikken på Nymark bÃåe før og etter unionsoppløysinga.
Tora og Anton fekk i alt ni born, to av dei døydde som born. Framleis er to av dei ni borna i live: Helga Myklebust (f. 1915) og Ingrid Bakke (f. 1925). Barnebarna som deltok på treffet i Lindås er i dag busette i Tysnes, Stord, Os, Odda, Karmøy, Bergensområdet og i Fetsund.
Neste treff vert i 2011.