Publisert av:
4/2/2013 17:09
Svømmestevne i Åstveithallen.
Grunna diverse omgangssjuka som herjar rundt i heimane, vart da denne gangen berre Benjamin Tho som hadde mulighet for å stilla til start for Tysnes Symjeklubb.
Benjamin stillte til start i 3 forskjellige svømmegreiner.
På 50 meter bryst kom han inn til ein fin tredjeplass, berre 5 sekund unna førsteplass.
Så var da duka for 25 meter rygg. Her kom Benjamin på andre plass.
Andreplass vart da og i siste utøvelse som var 100 meter fri.
Sjølv om da kun var snakk om små marginar for å kapra førsteplassen, var dette eit kjemperesultat som både trenar og utøvar var godt nøgd med.
Tysnes Symjeklubb vil fortsetta å reisa på stevner framover, og resultata fra dei siste to stevna viser at klubben kan hevda seg mot de nåke større symjeklubbane.
Me gler oss til å følga dei flinke svømmerane våre i framtida.
For Tysnes Symjeklubb
Morten Storetvedt.
