Svært vellukka Haustbingo i Bygdastovo på Flatråker

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/10/2024 09:02
Takk for ei fin stund saman i Bygdastovo fredag kveld. 

Kjekt med besøk av både nye og litt meir erfarne bingo gjester.

Gjermund gjorde ein flott jobb som bingovert, og etter 5 runder var det mange som gjekk derifrå med flotte lys, lykter og tepper til hygge utover hausten.

Sjølvsagt var det ein pause til både god drøs og kaffe og kaker. 👌

No kan me invitere til neste samling allereie laurdag 2. november, med MIMREKVELD etter ønske frå mange, med framsyning av bilete og historiar.

På vegne av styret i Flatråker Bygdalag, May Siren Holme