Svært nøgd ordførar

Publisert av:
17/6/2009 13:06
– Alt gjekk etter planen. Ei stund var me 8 minutt etter planen i hallen, men det meste vart teke inn att, takka vera litt improvisasjon av dei som var framme, seier ordførar Helge Hauge til Tysnesingen.

– Eg har fått mange gode tilbakemeldingar både i frå folk i og utanfor Tysnes. Programmet i Våge slo svært godt til, for eg merka at det rørte dronninga. Kongeparet gav inntrykk av at dei var imponert over frammøtet.

– På sjukeheimen fekk alle bebuarane og tilsette sjå kongeparet. Helga Boland heldt ein fin tale, og fire av dei eldre fekk høve til å snakka med dei kongelege.

– I hallen gjekk alt som planlagt. Det var tydeleg då me reiste ut att til Våge at dei hadde fått med seg innslaga.

– Alt i alt er eg svært godt nøgd med måten me presenterte kommunen på. At det gjekk så godt, er viktig for oss som bur i kommunen, og det er god reklame for Tysnes, sluttar ordføraren.