Sundagshistorie frå Flakkavågen

Publisert av:
27/4/2009 13:32

Aina Elida Gellein, frå Buvika i Skaun, har ei tid vore på leit etter slektsrøtene sine. Sundag 26. april var ho attende til plasset Uro i Skorpo der ein av tipp-tipp-oldefedrene hennar, Anders Kristensson Skorpo, vart fødd 30. januar 1822.

Det er lite att av plasset i dag, men nokre små murrestar er kanskje vitne om kvar stova stod i Uro – rett sørafor fjøset til Egil og Bjørg Haukanes Meland.

Men i stova der tipp-tipp-oldefar Anders vart fødd, fekk Aina Elida likevel sitja.

Då plasset i Uro vart nedlagt på 1880-talet, kjøpte Ola Olson Åsen frå Tunhovd i Numedal stova og sette ho opp i Stykkje, Sletteskog, som bustadhus for seg og kona Alis som var fødd Sletteskog. Då Mikal Helland og kona Synneva Sletteskog sidan overtok Stykkje, bygde dei nytt bustadhus. Gamlestova eksisterte så vidare som florsdelen av løa Mikal bygde i 1911. I dag er det Mikal Heldal som eig bruket i Stykkje.

Anders Skorpo var den tredje i søskenflokken i Uro. 17 år gammal reiste han heimanfrå – først til Sunnfjord – sidan til Skjerstad i Salten der han fann kona si. Saman kjøpte dei så Erekgården på Ytter Tuv i Saltstraumen, om lag 2 mil vestafor Skjerstad. Anders døydde der 73 år gammal i 1895.