Suksess med Juletrefest

Publisert av: May Britt Meland
30/12/2025 08:05

Søndag 28. desember vart det arrangert Juletrefest i ungdomshuset i Våge. Tysnes Ungdomslag fortel at dette vart ein stor suksess med oppunder 100 personar som kom til festen i Vonheim.

-Hjartleg takk til alle som kom, til alle som bidrog og til alle som satt pris på dette. Utruleg gøy å arrangera når det er sånn, skriv ungdomslaget.


Tysnes Ungdomslag ynskjer riktig god romjul vidare og riktig godt nytt år til alle saman!

-Me ser fram til eit aktivitetsrikt og kjekt 2026 i Vonheim.

Foto: Tysnes Ungdomslag