Stor handballdag

Publisert av:
20/11/2011 19:48

Tysnes Idrettslag tok i mot mange handballag til hallen sundag. Fleire lag frå Stord, Kvinnherad og Fitjar var på vitjing og saman med Tysnes sine lag vart heile 22 kampar spelt på om lag fem timar.

Kampdagen var for gutar og jenter 8 og 9 år. Det vart spelt to kampar samstundes på tvers av hallen, med fire spelarar på banen på kvart lag om gongen.

Tysnes Idrettslag stod som arrangør og stillte med dommarar til kampane, i tillegg til folk i sekretariatfunksjon og kiosk m.m.

Med så mange born samla til handballspel på ein plass var stemninga stor og innsatsen hundre prosent på topp!

Litt bilete frå Tysnes IL sine lag: