Stolpamål
7/5/2010 13:19
No er det byrja å gå i gløymeboka for folk flest kva eit stolpemål eigentleg er for noko, om dei i det heile teke har visst det. For underteikna, som attpåtil er bygut, var det heilt ukjend. Men eit stolpamål vart nytta som mål når beistahandlarane handla med ku eller hest, fortel Olav Skjellevik, som er ansvarleg for utstillinga. – Med seg hadde beistahandlarane stolpamål i ulike lengder. Til måling av ein hest heldt det ikkje med eit kumål.
1 stolpe var 1/32 alen. Kumålet som er stilt ut i biblioteket er på 84 stolpar, dvs. to alner + tjue stolpar – noko som i våre mål tilsvarar om lag 165 cm. Dette var eit vanleg brystmål på ei ku i den tida det vart brukt. Dei to alnene er merkte med ein liten ring. Stolpamålet hadde nok ikkje rukke rundt brystet på dagens kyr.
Stolpamålet var i si tid i Ole E. Skjællevik si eiga. På biletet er målet krølla saman som eit halsband. Tek du turen innom Tysnes folkebibliotek kan du sjå bandet og lesa meir om gamle dagars stolpamål.