Stjerneklar himmel og fargerike golfballar.

Publisert av:
6/10/2016 18:06

Ein fantastisk kveld med 20 deltakarar, stjerneklar himmel og masse fargerike golfballar i lufta og på bakken. Berre å sjå fram til neste års nattgolf.

Det vart spelt lagspel med 2 deltakarar på kvart lag der dei 3 beste fekk premie sponsa av Joker Uggdal. Takk til Lars og Torunn !

Stor takk også til Øystein Vaage, kveldens fotograf, for spektakulære bilete !

 

Dei 3 beste laga vart:

Nr. 1: Jens Flornes og Helge Hauge, 47 slag netto

Nr. 2: Rasmus Atle Dalen og Ole Kristian Dalen, 48 slag netto

Nr. 3: Sindre Tysnes og Jan Gunnar Tufta, 49 slag netto

 

Tysnes Golfklubb gratulerer og takkar alle for ein minnerik kveld !

 

Fullstendig resultatliste vert lagt ut på tysnesgolf.no.

 

Tekst: Tysnes Golfklubb
Foto: Øystein Vaage