Publisert av: Martha Nygård Lande
29/1/2022 15:26
Sterk vind laurdag frå kl. 18:00
Tysnes Kommune melder på si nettside i dag om at det er meldt sterk vind frå laurdag kl 18:00
Tysnes kommune vil oppmoda alle om å unngå unødig opphald ute frå kl. 18:00 laurdag, sikre lause gjenstandar og ivareta ein god eigenberedskap.
Sjå oppdatert informasjon om farevarslet på yr.no.
Dersom me mister telefonnett og høve til kommunikasjon, vil legevakta og brannstasjonen bli bemanna. KKL vil også samle seg på Rådhuset.