SommarTrimTysnes er over for denne gong
1/9/2021 12:05
I år har 199 ivrige mosjonistar deltatt i SommarTrimTysnes, noko som er 17 færre enn i 2020.
Det ser ut til å bli ein klar vinnar i antall poeng, sidan Åsta Hansen har lange turar i fjellet omtrent kvar einaste dag.
Nytt i år er at det lenge var skarp kniving om andreplassen, og alle dei tre øvste plassane får høgare poeng enn i fjor.
Som vanleg er det ganske mange som i løpet av august jobbar hardt for å komma blant dei 10 øvste på lista. Folk er meir aktive på tur enn tidlegare år på denne tida, kanskje på grunn av det fine veret vi har hatt.
I fjor enda gjennomsnittleg poengsum pr deltakar på 2200, dette talet vart passert 25. august no i 2021.
Blåbærhaugen er absolutt mest besøkt med meir enn 1000 sommartrim-innsjekk i sommar. Andre populære turmål er Nesevarden, Ulstjørna, Vasstøl, Steinåsen, Teiglandsnuten og Ilefjellet. Alle desse har over 100 besøk pr månad.