Publisert av: Martha Nygård Lande
28/4/2021 11:37
Sommartrim Tysnes 2021
Laurdag 1. mai startar Sommartrim Tysnes.
Fram til 31. august kan du registrera turane dine, og vera med i trekning av premiar.
Det er BKK Breiband avd Tysnes, saman med Tysnes Treningssenter og Svingen Puls, som arrangerer Sommartrimmen.
Alle som deltek får trimpoeng, og for å få poeng må du nå eit eller fleire av dei 37 turmåla.
Trekning av premiar er for alle som har registrert 10 innsjekk pr månad, blandt dei som er innom alle turmåla i løpet av sesongen og blandt dei ti med høgast poengsum.
På Sommartrim Tysnes 2021 kan du lesa meir om påmelding, turmåla, premiar og poengsummar.