Solid siger
9/9/2012 18:40
Njardar hadde fullstendig kontroll gjennom heile kampen som gjekk på Reiso-graset søndag. Laget viste fram fleire fine kombinasjonar, og varierte mellom kortpasningar og langpasningar.
Dei gulkledde leia 2-0 etter berre kvarters spel. Ved begge høva var det spissparet Terje Hagen og Remi Ellingsen som var dei involverte. Førstnemnde var tilretteleggar og sistenemnde var avsluttar og noterte seg for begge måla.
Dei to siste måla kom så ikkje før i dei siste 20 minutta av kampen. Igjen var Terje Hagen servitør, og debutant New Alex hadde få problem å setja inn 3-0.
Fem minutt før full tid kom Remi Ellingsen og Endre Vermedal åleine med keeper, og sistnemnde kunne setja ballen i ope mål.
Ein solid siger for heimelaget som styrte stort sett heile kampen.
Desse var med: Kjartan Hagen, Robert Grønvoll, Endre Vermedal, Eivind Skorpen, Terje Vevatne, Ørjan Malkenes, New Alex, Thomas Hagen, Alexander Instøy, Remi Ellingsen, Terje Hagen, Alf Sundal, Roy Inge Korsnes, Daniell Hauge Hansen.
Damelaget var og spelte borte mot Varegg i dag. Dei tapte 2-8. Det stod 1-1 til pause, men Njardar-damene klarte ikkje henga med i 2.omgong mot eit betre trent Varegg-lag.