Solid 1. kvartal for Tysnes Sparebank
12/5/2022 08:47
Solid resultatframgang etter 1. kvartal 2022 i Tysnes Sparebank
5,8 mill.kr. i resultat før skatt etter 1. kvartal 2022
Tysnes Sparebank fekk et resultat før skatt på 5,8 millionar kroner ved utgangen av 1. kvartal 2022. Dette er 2,4 mill. kroner betre enn same kvartal i fjor. Årsaken til framgangen er auka inntekter og lågare kostnader samanlikna med fjorårets kvartal.
I 2021 gjorde banken ei større kostnadsavsetjing i samband med bytte av IT-leverandør frå danske SDC til norsk/finske TietoEVRY.
«Me er svært nøgde med den solide resultatframgongen for banken i ei tid som har vore krevjande for oss alle» seier banksjef Dag Sandstå.
Banken veks i Sunnhordlandsregionen
Tysnes Sparebank er den einaste frittståande lokalbanken i Sunnhordland. Banken har stor pågang frå personar og bedrifter som ynskjer å bli kunde i banken.
«Det lokale bankkonseptet der kundane møter tilgjengelege og engasjerte medarbeidarar som kjenner kunden og lokalsamfunnet har ein stor meirverdi for folk flest. Dette kjem spesielt til syne i ei verd som er prega av usikkerhet og krig i Europa» uttalar banksjefen.
Vekstambisjonar i tida som kjem og ny emisjon i mai/juni
Banken på Tysnes har vekstambisjonar for åra som kjem. Det er lagt ein god plan for den komande 3 års-perioden der banken har ambisjonar om å auka marknadsandelen sin.
Det er på bakgrunn av dette banken har varsla at det skal gjennomførast ein emisjon på 40 mill i månadsskiftet mai/juni i år. Det er eksisterande eigarar som har fortrinnsrett i å delta i emisjonen, men den vil vera open for alle å teikna seg i.
Emisjonen er garantert av eit garantikonsortium, såleis er banken allereie sikra fullteikning.
«Me er veldig godt nøgde med at det er så stor interesse for å investera i Tysnes Sparebank. Nøgde eigarar er viktig for oss og den nye emisjonen sikrar oss høve til vekst i fleire år framover» sier banksjefen.
Pressemelding frå Tysnes Sparebank 11.05.2022