Solheimsdalsstemnet
6/8/2012 16:09
Dette er etter kvart ein gamal tradisjon på Tysnes, og startar på mange måtar haustsemesteret i bedehus-samanheng hos oss. Det er Tysnes støtteforening for Indremisjonen som står som arrangør, i nært samarbeid med kyrkja vår.
I år er det Liv Rolfsnes som kjem som talar frå Samskipnaden. Det vert song og musikk ved Jette-Marie og Bjarne Steinsund. Det er også verd å merka seg at Reidun og Magne Skartveit står som vertskap denne dagen og opnar denne flotte garden sin i Solheimsdalen for alle.
Også dette året vert det program både “føremiddag” og “ettermiddag” med ein god og lang matpause mellom.
Det vert også høve til å dela eigne erfaringar og vitnemål. Det flotte med eit slikt stemne er ikkje minst å vera saman og oppleva fellesskapet som trus-sysken. Så er det nok også slik at mange har vore heime gjennom sommaren, medan andre har vore ute på ulike kristne stemne. Så kan me ein slik dag få inspirera kvarandre, og tenna gløden på ny.
Velkommen til Solheimsdalstemnet!