Søkjer frivillige som kan hjelpe til ved vaksinering
27/1/2021 21:48
Tysnes Frivilligsentral skal bistå ved koronavaksineringa i kommunen, og ynskjer no hjelp frå frivillige.
Per Verner Aase ved Frivilligsentralen fortel at dei til no har fått 7-8 personar som vil hjelpe til. Men det er lange vakter, så det er sikker lurt å ha nokon å veksle på.
Har du lyst til å hjelpa til med korona vaksineringa på Tysnes?
For at vaksineringa skal gå så fort og straumlinja som mulig, vil legekontoret trenga hjelp frå frivillige. Du skal sleppa å setja sprøyter, men fungera som assistent som viser folk til rette.
• Fylgje pasientar til/frå parkering/bedehus
• Ev strø grus/salt ved inngangen ved behov
• Bistå i å svare på generelle spørsmål
• Hjelpe til å overhalde smittevern
Du skal ikkje handsama helsepersonell-oppgåver.
Vidare kan det koma førespurnader fortløpande, dersom me ser behova utvikle seg undervegs.
Forventa oppstart er veke 6 i Tysnes Bedehus i Våge.
Vaksineringsdagar er onsdagar og evt. torsdagar (kan endre seg).
Tidspunkt frivillige: Tidlegvakter: 08:45-1530, seinvakt: 1545-19:30 (Her må vi kunne dele vakter mellom fleire)
Har du lyst til å hjelpe, ta kontakt med
Per Verner Aase på telefon 995 65 928
eller send epost til per.verner.aase@tysnes.kommune.no.
Meir info finn du i skrivet her.