Publisert av: Martha Nygård Lande
11/12/2018 21:15
Sogesoddet 2018
SOGESODDET 9. DESEMBER 2018
Det er blitt tradisjon for Tysnes sogelag å halda Sogesoddet i Tysnes Bedehus med Kåre M. Malkenes som sjefskokk – slik også denne gongen. Og som vanleg fullt ved borda denne gongen òg.
Etter at gjestene hadde henta seg konvolutt med årets sogeskrift og neste års kalender, ønskte leiaren i sogelaget, Sigurd Bjordal, velkommen.
Leiaren i sogelaget, Sigurd Bjordal, ønskjer velkomen til sogesodd. (Bilete: Harald Skorpen)
Så var det kåsøren sin tur som fortalde nokre skumle saker under temaet “Nokre spesielle prestasoger” frå Tysnes – vèl å merka frå godt gamle dagar. Det vart også litt om dei såkalla “fordekte prestenkene” på Tysnes.
Kåsøren er i gang. (Bilete: Harald Skorpen)
Folket flirer litt av det dei får høyra (Bilete: Harald Skorpen).
Så var det kåring av vinnaren av årets skrivepris. Juryen, Kirsten Nesse og Nils Magne Singelstad, begrunna avgjerda og kalla fram vinnaren, Kolbjørn Tvedt, for hans interessante og utdjupande artikkel “Verkstaden” i årets sogeskrift.
Juryen har kalla fram Kolbjørn, og prisen vert overlevert. (Bilete: Harald Skorpen)
Kolbjørn Tvedt med diplom og blomar. (Bilete: Britt Kjellesvik Rage)
Soddet – med kaffi og dessert etterpå – var som vanleg av aller beste slag.
Kokkane vart også kalla fram. (Bilete: Olav Skjellevik)
Så gjekk gjestene kvar til sitt og hadde noko å studera ut over kvelden.
Tekst: Olav Skjellevik