Snart klart for Vinterkarrusellen

Publisert av:
24/10/2010 18:17

Tysnes Idrettsråd arrangerer vinterkarusell saman med idrettslaga i kommunen. Hovudmålet er at man skal kunne ha ein organisert kveld i månaden, der man går ei fast oppsett løype. Aktiviteten vil foregå 8 kveldar, med oppstart 28.10.10 og avsluttes 24.03.11. Karuselldatoar blir lagt ut på Tysnesingen.no.

Det vil ikkje bli utarbeida resultatliste på tid, men på etternamn slik at ein kan sjå kva ein har i tid frå gang til gang – dette er ikkje ein konkurranse der det er om å gjere å komme fyrst i mål, men ein hyggelig mosjonskveld for alle to og firbeinte som måtte ynskje det – uansett alder og kondisjon. Målet er å få folk opp av sofaen, og ta ein tur i månaden.

Det er enkel premiering i kvar løp, mens det i siste løp er ein hovedpremie som er eit gåvekort på kr. 1 500,- frå Sporten i Våge. Hovedpremien vil bli trekt ut blandt alle deltakara som har deltatt på minst 5 løp i løpet av karusellen 2010/2011.

Løypa går frå ungdomsskuleplassen mot kyrkja i Våge, opp stikkvegen til Windsor, rundt Vågsåsen, ned stikkvegen og inn til skulen igjen. Løypa er enkel og passer alle – her bestemmer den enkelte kva slags tempo det skal gås/springe i.
Prisane er kr. 40,- pr. løp eller kr. 200,- der ein betaler for alle 8 løpa. Familiar kan kjøpe familiebillett for kr. 350,- for alle 8 løpa. Alle får startnummer ved fyste løp som dei har i alle 8 løpa.
Kvar og ein tar med seg refleksvest!!

Tysnes Idrettsråd og idrettslaga i Tysnes håpa så mange som mulig har interesse i og være med på eit slikt enkelt mosjonsopplegg, og at alle ser nytta av å komme seg opp og gå i vinterhalvåret.

HUSK!!!   DET FINS IKKJE DÅRLIG VÆR – BERRE DÅRLIGE KLEDE :) Så ta på dåke godt med klede, og still til start torsdag 28.10.10.