Publisert av:
27/11/2016 10:30
Skumringstur
Det er Tysneskyrkjelydane saman med sundagsskulen og Tysnes barnekor som står bak arrangementet som har vorte ein fin tradisjon i inngangen til adventstida.
5-åringane var spesielt invitert til dette familiearrangementet som skumringsturen er.
Først skulle dei minste ungane lyse seg fram til refleksar i skogen for å sjå kva bilde som var på refleksen. 3 bilder kunne dei så bytte i ein dyrefigur som dei tok med seg inn til stallen i bedehuset. Dei eldste borna skulle finna rebusbokstavar i mørket.
Etter økta ute i skogen var det tid for bollar, kakao, leikar, song og andakt i bedehuset.
Foto: Karoline Støle













