Skulebruksplanen

Publisert av:
3/2/2011 10:52

Tysnes kommune har vald å knyta til seg firmaet Norconsult i arbeidet med å utarbeida ein skulebruksplan for kommunen. Tre firma konkurrerte om oppdraget. Forutan Norconsult gav også Bedriftspedagogisk Senter  i Bergen og arkitektfirmaet ABO i Os inn tilbod. Norconsult låg klårt lågast i pris i tillegg til at dei hadde all nødvendig kompetanse for å gjera dette arbeidet innafor eigen stab. Firmaet har i tillegg lang erfaring med liknande oppdrag og har mellom anna hjelpt kommunar som Os, Lindås og Sund.

Den valde prosjektgruppa har hatt det første møtet med konsulenten og ser fram til eit positivt samarbeid i tida framover. Det er laga ein framdriftsplan for det vidare arbeidet. I arbeidet som står føre oss legg me vekt på ein open prosess med god informasjon, det skal mellom anna gjennomførast informasjonsmøte med tilsette, foreldre (FAU) og synfaring på alle skulane.

Det er eit omfatande arbeid som skal gjerast på etter måten svært kort tid, og det er difor lagt opp til tett møteverksemd dei nærmaste månadene.

Det er òg viktig å påpeika at politikarane har ei hand på rattet i denne prosessen i og med at utval for oppvekst/omsorg er styringsgruppe for arbeidet. Styringsgruppa fekk første rapport i møtet 1. februar.

Prosjektgruppa legg opp til å ha ei innstilling klar til politisk nivå i løpet av april månad. Deretter vil det bli gjennomført ei høyringsrunde. Endeleg vedtak av planen er forventa i kommunestyremøtet 22. juni.

Med helsing

Helge F. Kjellevold
Leiar prosjektgruppe