Skrekk og gru

Publisert av:
3/1/2010 22:37

Det er no over 2 mnd sidan me hadde kamp sist, heima mot Fana. Der me hadde ein fantastisk kamp, men tapte uheldigvis med 2 mål. Så etter 2 mnd trening og venting, hadde ein trudd at det skulle gå ganske så knirkefritt i dag, men den gang ei!! Me var på besøk hos Knarvik, eit lag me kjenner godt, og som bør tas!

Trur me presterte det verste av det verste i dag. ALDRI har vel jentene hatt ein så dårleg omg før. Etter 7min stod det 0-1 til oss. Etter 18min stod det 4-1 til Knarvik! Til pause leda Knarvik 8-4!!! Skrekk og gru for ein omg…….. Forsvaret var fantastisk. Me parkerte storskyttaren, og plukka dei ganske enkelt ”ned”, men kva hjalp det når ingenting fungerte i angrep. Me stod i ro, jobba ein og ein, bomma både på skudd og kontringar, og misser på 7-meteren. Absolutt ingen ting stemte!

Det kunne berre gå ein vei  i 2.omg, og heldigvis fekk me til spelet vårt. Sakte men sikkert henta me inn leiinga deiras, og overtok kampen totalt. Forsvaret var like solid i 2.omg, og me fekk no til både kontringane og avslutningane. Puh…….det var jammen endo godt. For det var skikkeleg flaut det me presterte  i  1.omg. Den set me ein stor strek over 

Me vann fortjent 17-12, og to nye viktige poeng er innkassert!!!

Til helga er det ny kamp igjen, borte mot Sotra, og rekner då med at me gjer oss ferdig med oppvarminga på treninga om fredagen
Laget var: Celine, Silje(2), Ingvild(3), Marion(3), Hege(2), Linda(2), Ida(1),Agnethe, Ingse(3), Victoria(1), Sara Elisabeth, Janne og Hilde Anette