Publisert av:
2/12/2012 22:00
Skreinefest
I år som i fjor inviterte Eirik Dalland til bål, grilling og aking i førjulstida.
Gjennom året har han laga til ein god haug med greiner etc som blei til eit stort bål i dag.
Her kom store og små som hadde med seg akebrett, pølsa, varmt i koppen og marshmallows på grillen til ei hyggjeleg adventsstund.
I fjor var det over åtti personer som møtte opp. Kor mange det kom i år, er ikkje sagt.
Foto: Arild Pettersen.