Skogeigarlags-møte og vindfallkurs
13/1/2015 13:18
Januarmøte
Tysnes skogeigarlag ynskjer å minne om januarmøtet på torsdag 15. januar kl 19.30 i Tysnes industri sine lokaler i Eredalen.
Tema for møtet er stell og vedlikehald av motorsag samt kva rolle Tysnes skogeigarlag skal ha for medlemmene. I tillegg vil me orientere om korleis ein skal melde inn vindfall og skadar etter «Nina» sine herjingar i stormen. Det vert også servering.
Vestskog har eindel informasjon til skogeigarar som har blitt råka på sine heimesider, sjå www.vestskog.no, og også eit registreringsskjema for stormskader der ein kan melda inn skader slik at Vestskog i samarbeid med Fylkesmannen får oversikt over omfanget.
Hugs på at å arbeide med vindfall er farlig arbeid, arbeid ikkje med dette aleine!
Kurs i bruk av motorsag og Vindfallkurs
Tysnes skogeigarlag vil også arrangere kurs i bruk av motorsag 6.-7. februar, og dersom det er interesse for det vil me også arrangera kurs i vindfallhogst 13. el 14. februar. Gje ei melding om du er interessert sjølv om ikkje datoane passar så kan me sende melding neste gong me arrangerer kurs, det vert fleire kurs i vår dersom det er interesse for det.
Ta kontakt med Åsta Midtbø på tlf 93 45 44 20 eller epost asta.midtbo@hotmail.com / tysnes.skogeigarlag@hotmail.no for påmelding.
Litt info om Motorsagkurset 6.-7. februar:
Kurset går over to dagar. Fredagskvelden er det undervisning inne med gjennomgang av motorsaga samt stell og vedlikehald av denne, tid ca kl 17.-21. (avhengig av kva som passar for deltakarane)
Laurdag: heile dagen blir ute i skogen kl 09.-15, der de får instruksjon og prøver dykk på felling og kvisting.
Kurspris: kr. 1940,-. Dersom du ynskjer det kan du få «visittkortbevis» for kr 50,- i tillegg. Rabatt for ungdom under 18år, medlemer i Tysnes Skogeigarlag og næraste familie (ektefelle, barn). Skogeigarlaget sender ut faktura etter kurset.
Litt info om Vindfallkurset 13. el. 14. februar:
Kurset er på 7,5 t der ein er ute heile dagen (08:30-16:00) og de får instruksjonar om sikre arbeidsmetodar ved vindfallhogst.
Ein bør ha motorsagkurset før ein tek Vindfallkurset, eller vera van med å arbeide med motorsag.
Kurspris: kr 1270,- Dersom du ynskjer det kan du få «visittkortbevis» for kr 50,- i tillegg. Rabatt for ungdom under 18år, medlemer i Tysnes Skogeigarlag og næraste familie (ektefelle, barn). skogeigarlaget sender ut faktura etter kurset.
Les meir om kurset her: http://www.skogkurs.no/kursartikkel.asp?Data_ID_Article=2824&tema=23