Publisert av: Martha Nygård Lande
15/10/2024 07:15
Siste seriekamp for A-laget denne sesongen
På søndag, 13.oktober, var det duka for sesongavslutning for A-laget mot Fitjar 2 på bortebane.
Etter mykje nedbør i dagane i forvegen og utfordrande baneforhold hos Fitjar, blei kampen timer før avspark flytta til Idrettslaget Solid si bane.
Fitjar har i likhet med Njardar lagt i toppen heile sesongen, og sjølv om våre menn sikra 1. plassen og opprykk for eit par veker sidan, hadde vertene framleis eit opprykk å spele om når kampleiar bles i gang kampen. Dei to øvste laga ved sesongslutt blir nemleg belønna med 6. divisjonskontrakt.
Det var ballsikre verter som kom best i gang, og allereie etter 6. minutt glapp det for våre menn. Debutant i Njardar-målet, Håkon Rønnevik, som forøvrig leverte ein veldig fin debut, måtte plukke ballen ut av nettet.
Men det tok ikkje lang tid før våre menn slo tilbake! Etter 13 minutt varta Njardar opp med eit mønster-angrep, som til slutt Ola fekk æren av å stange i mål etter strålande opprulling av Mathias og Jonas på kant og nydelig innlegg frå sistnevnte – praktfull scoring.
Etter nokre justeringer fekk også våre menn betre kontroll i banespelet og 1-1 stod seg til pause.
I 2. omgang var det igjen Fitjar som tok føringen når ein av våre menn var uheldig; sklir i bakre rekker slik at vertene fekk ein gratismulighet mot mål. Håkon var nære å stoppe spissen, men 2-1 var eit faktum etter timen spelt. Igjen kvitterte Njardar og Ola kjapt. Aksel testa skuddfoten, som keeper måtte gje retur på, og som ein goalgetter lukta Ola nedfallsfrukten og kontant sette inn sin andre for dagen – 2-2 i målprotokollen.
Njardar skapte enorme sjanser, og i det 70. minutt lukkast me endeleg å ta føringen når Aksel rolig bredsida ballen i hjørnet åleine med keeper – 3-2 Njardar.
Sluttinnspurten på sesongens siste kamp innebar fleire store Njardar-sjansar, og det var nesten utruleg at det ikkje blei fleire bortemål. I staden var det Fitjar som på overtid scora på direkte frispark og kampen enda med 3-3 og poengdeling.
Njardar avslutta dermed ein jubelsesong med å gå ubeseira gjennom hausten, og våre fremste menn gler seg allereie til å angripe ein ny sesong i 6. divisjon.
Tusen takk til alle som har fulgt laget, støtta laget på heime- og bortebane og til spelarar og trenarar som har gjeve alle Njardar-patrioter mykje å juble for i årets sesong.
Referat og bilde: Marius Mikkelsen