Siste bowling før jul
20/12/2008 07:21
Tysnes Sparebank satte rekord med totalt 752 i pinnefall med Oddvin Flornes på topp med 209 og 151. I tillegg spelte både Ingebjørg Hatteberg og Jorunn Hesjedal godt. Likevel vart det eit 3 – 0 tap mot Rangvald Kåre Kleppe, Knut Leithe og Sveinung Årskog på Dalland Bygg/Os Maskinering med eit pinnefall på 797.
Rådhuset 2 med Nils Flakke, Nils Eivind Hansen og Hildegunn Flakke spelte også ein kjempekamp og satte rekord med 917 i pinnefall med Nils med 148, Nils Eivind med 160 og Hildegunn med 177 som beste pinnefall.
Umoe Schat Harding 2 måtte se seg slått av Tysnes kommune rådhuset 2 sjølv om sjefen sjøl, Jostein Mehl, fekk eit pinnefall på 170. I tillegg spelte både Frode Raa og May-Lill Helgesen godt, men det vart eit tap med 0 – 3.
I den siste kampen denne veko spelte Andersland Bygg 4 med Sindre Økland, Lars Olav Andersland og Kenneth Hauge Hansen godt og vann sin kamp 3 – 0.
No vert det juleferie fram til 5. januar då 1. divisjon startar opp med kampar igjen.
2. divisjon startar mandag 12.
To lag trekker seg frå 2. divisjon pulje 1, så hvis det er nokon som vil spela vårsesongen, så må dei ta kontakt med undertegnede.
God jul og godt nyttår til alle laga.
Takk for glimrande innsats i 2008