Siste artist på plass

Publisert av:
17/6/2017 18:57

Øystein Vaage, dagleg leiar i Stiftelsen Tysnesfest, kan i kveld melda at dei har spart ein skikkelig godbit tilslutt!

Straight outta Sognefjorden kjem unge Kjartan Lauritzen, heile Noregs nye store rap-forelskelse!

Fredag, 17. juni, stod han på scena på Bergenfest, og Tysnesfest sin utsendte “spion” melder tilbake at vi kan gle oss til ei heilsprø oppleving laurdag 15. juli når kjartanismen inntek Tysnesfest!

Arrangørande av Tysnesfest såg Kjartan på scena for fyrste gong når han avslutta 100 Dagar på Stord i 2016, og skjøna med ein gang at han her måtte dei få tak i.

Kjartan lagar rapmusikk med ein god porsjon sjølvironi og rar humor, noko som kjem godt fram i hans nyaste EP “Fenomenet” som vart sleppt i går. Kjartan sine sceneshow er reinspikka galskap, stagedives og 100% overtenning!

 

Vil du sjekke detaljane i årets program for Tysnesfest, finn du det HER.

 

[youtube]Z3rqu_xE5qE[/youtube]