Siger i siste

Publisert av:
16/10/2012 19:13

Søndag var Njardar til Åsane for årets siste seriekamp. Her møtte laget Skansemyren og tysnesingane kunne reisa heimatt med alle tre poenga.

Njardar sine to første mål kom etter corner. Terje Hagen og Ørjan Malkenes stanga begge ballen i mål. Den tredje scoringa stod også Hagen for, eit kontant skot frå frispark.

Skansemyren scora to reduseringsmål, men det var ikkje nok og Njardar sigra til slutt 3-2.