Publisert av:
5/2/2011 20:08
Siger for handballdamene
Det vart ti måls skilnad på laga i Tysneshallen i dag. Tysnes vann klart over botnlaget frå Askøy.
Til pause leia Tysnes imidlertid berre 11-8, så sigeren vart sikra i 2.omgong.
Keeper Therese Onarheim Kleppe storspelte for Tysnes i mål og hadde dobbeltredningar og strafferedningar. Dette løfta heimelaget og la grunnlaget for sigeren 24-14.
Damene med flest nettkjenningar var Sara Elisabeth Stue med 8 mål og Hege Flornes med 6 mål.