Sesongavslutning Gutar 05-06
4/11/2014 08:29
Oppsummering sesongen 2014 for gutar fødd 2006 og 2005.
Laget har trent i SFO tida kvar Tirsdag gjennom heile vinteren, saman med 4. klassen og hadde ordinære Onsdags treningar før seriekampane starta. I haust har me trent måndag, fått samla heile laget ved SFO (skulestart) og kamp onsdagar og driv no på merketaking i nff’s regi.
Før sesongen beslutta eg å dele opp laget i to jevne lag for seriespel, då tre nye spelarar meldte seg på fotballen.
Laget spelte i den lokale Os-serien, i tillegg deltok laget på Gneist, Bendit og puttefestival cupane.
I cupane stillte me reine årsklasselag og det var kjekt å sjå dei yngste blomstra mot javnaldra ungar.
Det har svinga litt i prestasjonar, men 38 kampar i cup og serie gav oss 30 sigrar, 2 uavgjort og 6 tap fordelt på desse lagsamansettingane. Laget spelte seg til mange flotte sjansar og heile 291 gongar gav det resultat i mål!
I tillegg har me i haust fått hospitere heile 6 spelarar i ulike kampar til 6. klassen, der dei fekk sitja att med gode kamerat og fotballopplevingar.
Framtida til dette laget er spennande, det blir viktig å holda dei samansveisa og utfordra dei til trening utanom fellestrening og kamp. Sosialt har me i år har bla vore i bassenget, klatreveggen, bowla, vannsportsaktivitetsdag og gått 2 fjellturar i tillegg til trening. Målsettjinga er fortsatt at minst 5 av desse skal spela A-lagsfotball for Njardar/Tysnes.
Eg har ei god foreldregruppe som backer opp ungane, samtidig som dei fleste driv med hanball i vinterhalvåret.
Trenar
Ronny Hagen