September Open Tysnes P&P, uttak OoM 18 hol
3/9/2015 14:57
Tysnes Golfklubb har bane i Tysnes kommune, Hordaland. Dalen Golfbane er ein 6-holsbane som også er tilpassa Pitch & Putt spel. Pitch & Putt vert spelt med tre ulike utslag pr. green. For meir informasjon om banen sjå tysnesgolf.no
Program
Det vert spelt over 18 hol – Slagspel m/brutto- og nettoresultat. Opptil 48 deltakarar med fyrste mann til mølla prinsippet. Dersom meir enn 24 deltakarar vert det 2 startar. Turneringa inngår i Tysnescupen (finalerunde) og Order of Merit (OoM). Start nr. 1 kl. 11.00 og start nr. 2 kl. 14.00 (begge shotgun).
Spel/reglar: Ikkje krav til klubbtilhøyring. Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA (Federation of International Pitch & Putt Associations).
– Runden vert spelt med 2 køller og puttar.
– Utslag skal skje frå peg, som skal vera minimum 5mm høg på kunstgrasmatter.
– Caddy ikkje tillate.
Elles skil reglane seg ikkje stort frå vanlege golfreglar.
Lokale reglar elles står på scorekortet.
Startkontingent: Kr 200,- (inkl. avgift OoM). Betaling i golfshopen ved oppmøte/registrering. Møt opp i god tid. Startkontingenten inkluderer dagsgreenfee på korthols/P&P-banen.
Påmelding innan 3. september på mail til tysnesgolf@online.no evt. mobil 97956977 eller 97155256. Dersom ledig plass kan også påmelding skje før start, seinast kl. 10.30.
Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal.