Send inn bilete
25/9/2009 06:23
Kva er me på jakt etter???
Me vil ha alle typar bilete – ikkje berre glansbilete. Hugs at me treng bilete til alle årstidene.
Stikkord:
Vinter med og utan snø.
Vår – det livnar, kva gjer Tysnesingen på?
Sommar – full fres eller late feriedagar.
Haust – innekos, regn og blest eller klare haustdagar med fine fargar. Kva
gjer du på?
Så har me sjølvsagt jul, påske, pinse, 17. mai, St. hans, nyttår, utflukter, klasseturar, aktivitetsdagar, arbeid og fritid.
Me vil gjerne ha bilete som viser kva Tysnesingen gjer på og er oppteken av i løpet av året. Det betyr ikkje at eit fint naturbilete vert vraka, me ynskjer ei lett blanding.
ALLE SOM SENDER INN BILETE FÅR TILSENDT T-SKJORTE. BILETA VI NYTTAR VERT HONORERT
FRIST FOR INNSENDING: 5 OKTOBER 2009
Send inn til firmapost@tysnes-kraftlag.no.
Fortel kvar bilete er teke og kven som er fotograf.