Såtetrim for alle!

Publisert av:
5/8/2012 20:40

Dei meir vaksne som treng minst søvn kom fyrst og dei var gledeleg mange. Dei eldste var over 70 (eldstemann var Norolf Henriksen på 87, red.anm.), men uforskamma spreke. Etterkvart kom både familiar med både ungar og ungdomar, ja yngstegut/jente var vel knapt året, men hadde god utsikt på pappas bryst.

I alt registrerte LIL 216 personar på toppen, men tru om ikkje det var fleire. Me trur kanskje ikkje alle registrerer seg hos idrettslaget, men berre i ”Såteboka”. I det strålande veret var folk verande og dei kosa seg også med jommegraut og saft – det var berre ein slikk att i siste konteinaren.

I år vonar me også at det vart eit generasjonsskifte med omsyn til å bera opp dei tyngste børene. Dei tre fyrste konteinarane vart borne opp  av tre av bygda sin 16åringar, Henrik Malkenes, Torstein Flakke og Rolf Elling Utne(bilete). Og som ikkje det var nok, bar 15 år gamle Lars Even Tysnes Stue(med litt hjelp av pappa Lars Terje) opp den siste. Dei hadde godt og vel 15 kg på ryggen!

Neste år er det 25års-jubileum og me vonar det same veret kjem og alle dykk som gjorde dette til ein flott dag – ta gjerne med ein ven eller to!