Saman om bru
28/2/2013 16:21
Ordførar i Tysnes kommune, Kjetil Hestad(AP), er ein av dei 17 som har underteikna brevet.
I eit utdrag av brevet står det følgande:
Ferjefri Kyststamveg Aksdal – Bergen vil saman med Rogfast knyta Bergen og Stavanger tettare saman, og dette må gjerast med kortast mogleg reisetid. Dette vil føra til ein tettare bu– og arbeidsmarknad i eit område med svært høg verdiskaping og eit stort behov for kompetanse. Midtre trasé (K4C), med bru over Bjørnafjorden, vil i alle slike samanhenger vera det beste alternativet.
Dei har også lista opp følgande punkt:
• Best måloppnåing.
• Høgast nytte.
• 15 -17 minutt kortare køyretid (24 km).
• Miljøeffektiv ettersom ein sparar 24 km reise for dei 8.000-12.000 køyretøy som kvar dag trafikkerer strekninga.
• Høgast bu- og arbeidsmarknadseffekt.
• Raskast realiserbar (1-2 år før indre trasé).
• Krev vesentleg mindre bruk av jordbruksareal og fjerning av betydeleg færre hus og hytter.
• Opsjon med bru til Austevoll og arm mot Fusa.
Dei andre som har signert brevet er:
Liv Kari Eskeland (H, Stord), Odd Harald Hovland (Ap, Bømlo), Wenche Tislevoll (H, Fitjar), Helge Andre Njåstad (ordførar, Austevoll), Ruth G. Eriksen (ordførar, Sveio), Petter Steen (ordførar, Haugesund), Nils Marton Aadland (ordførar, Meland), Harald Stakkestad (ordførar, Tysvær), Siv Høgtun (ordførar, Askøy), Ove Trellevik (ordførar, Sund), Ole Johan Vierdal (ordførar, Vindafjord), Monica Mæland (byrådsleiar, Bergen), Eli Årland Berdal (ordførar, Fjell), Aase Simonsen (ordførar, Karmøy), Kyrre Lindanger (ordførar, Bokn) og Marte Eide Klovning (ordførar, Utsira).