Romjulscup dag 2

Publisert av:
27/12/2008 21:11

Etterkvart som kampane skrei fram i dag, og det skulle avgjerast kven som skulle gå vidare, så hardna det også til.

Det vart eit par raude kort i løpet av romjulscupens andre dag, men lukkelegvis ingen alvorlege skadar.

Stemninga var likevel stor i hallen og det vart også mykje flott fotball som vart vist i dei mange jamne kampane.

Søndag er det finaledag med semiane som byrjar klokka 1200.

Siste finale er rekna å vera ferdig kring 15-tida.