Romjulscup
20/11/2015 17:21
Tysnes Kraftlag romjulscup går
søndag 27. og måndag 28. desember.
Søndag kl. 1200 – 1600 er det full fart for gutar og jenter opp til 13 år.
Me håpar på like stor oppslutning og innsats som i fjor då Tysneshallen vrimla av spelarar.
Det er fint om spelarane melder seg på til trenarane i forkant, men ein kan også møta og ta kontakt med trenarane i god tid før kampane byrjar. Trenarane vil setja opp ei liste over kor tid dei ulike årsklassane skal spela. Alle får medalje.
Søndag kl. 1600 – 2000 er det dei vaksne sin tur, og dei held fram måndag 28. frå kl. 1700.
I fjor gjorde me alt unna på ein dag, men då synest mange det vart lenge å venta.
Det er ein dameklasse og to klassar for menn.
Njardar/Tysnes tek atterhald om at klassane for menn vert slått saman dersom påmeldinga tilseier det.
Påmeldingsfristen er sett til 14. desember,
og påmeldingar skal sendast til: Thomashagennet@hotmail.com .
Heile reglementet og påmeldingsskjema finn de på Njardar si heimeside.
Dermed er det for Njardar/Tysnes å invitera til ein hyggeleg møteplass i Tysneshallen i romjula.