Røde kors søkjer leiar/ rettleiar
21/1/2015 07:47
Stillingsutlysing, frivillig arbeid:
Røde kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF) er Røde kors si satsing for ungdom mellom 13 og 17 år. Gruppa har som formål å bidra til at ungdom får delta i ei eit breitt spekter av uteaktivitetar samt å betra kompetansen hos ungdom innan førstehjelp. Ein planlegg oppstart av gruppa i mars 2015.
Me søkjer etter engasjerte personar i lokalmiljøet på Tysnes som ynskjer å bidra som leiar / rettleiar for RØFF- gruppe annakvar veke fram mot sommaren. Du vil være engasjert saman med andre personar i Røde Kors, og det er forståeleg for om ein ikkje kan stille på kvar aktivitetskveld. Det er ein fordel om du er glad i å være i naturen, og du må trivst i selskap med ungdommar. Ein treng ikkje være med i Hjelpekorpset for å stilla som leiar for RØFF.
Alle vaksne som arbeidar med ungdommar i RØFF- gruppa lyt levera vandelsattest.
Vi kan tilby:
– Eit vidt spekter av kurs i Røde Kors organisasjonen.
– Frivillig arbeid innan ein godt etablert og spennande humanitær organisasjon.
Vil du høyre meir om RØFF eller det å være frivillig i Røde Kors, ta gjerne kontakt med oss!
Kontaktinformasjon:
Kenneth Røssland – telefon 90726163 / korpsleder@tysnesrkh.no
Nina Sundfjord – telefon 98813515 / nina_sundfjord@hotmail.com
