Riggar hamn for festivaldeltakarane
27/6/2018 21:08
Robert Elgsås og hjelparane hans jobbar på for å få bryggjene skikkelig fortøydd til Tysnesfest. Tysnesingen vitja Onsdag hamna i Våge for å ta ein prat med arbeidslaget som held på med å få på plass alle fortøyningane til bryggjeanlegget som vart slept på plass forrige fredag.
Det er ein munter dugnadsgjeng som klappar til kai i gjestehamna i den store MOB-båten. Robert er “bas” for arbeidet og med seg har han Kim Andrè Torgersen og Kai-Roald Bergersen. I dag har også dei to litt yngre karane Sander og Sindre fått lov å vera med i båten. Men dei er ikkje med berre for turen sin del. “Me er med for å hjelpa til å jobba og” seier Sander.
Fortøyningsarbeid på dugnad
Noko av arbeidet er finansiert gjennom sponsorpakkar til Tysnesfest men fortøyningsarbeidet er gjort på dugnad. “Det har vore om lag 12 mann i sving fram til no” seier Robert. Det er mykje fortøyningar som skal festast til bryggjeanlegget. Det har både vorer dykkarar, ROV og kranbåt her for å få på plass alle fortøyningane. No gjenstår det å sørga for at me får alt fortøydd etter planen. “Det går mykje i spleising av tau og forankra endane skikkelig i bryggjene” seier Robert og viser oss skissa over korleis alle lodda og fortøyningane er plassert. Heile 32 lodd ligg plassert på botnen i Vågebukta. Det er det same oppsettet som i fjor sidan dette fungerte bra.
Fleire bryggjemeter i neste veke
Ikkje alle bryggjene er på plass enno. I neste veke skal dei forlenga gjestebryggja i hamna med 24 meter og knyta saman det enorme bryggjeanlegget med gjestehamna. Då må ein ta seg rundt E-Bryggja for å koma inn i gjestehamna med båt. Når alle bryggjene er på plass gjenstår arbeidet med å trekka fram og festa vatn og straum langs det fleire hundre meter lange bryggjeanlegget. I tillegg kjem det ein stor lekter som skal fortøyast ved ferjekaien. Det er difor nok å gjera framover. Men dei har ikkje tenkt å slappa av under sjølve festivalen nei. Då ventar nye oppgåver.
Det heiter seg at dugnadsarbeid skal vera “lystbetont”. Det er denne gjengen eit godt døme på. Me takkar for praten medan Robert løsnar fortøyningane til MOB båten og set kursen mot neste fortøyning som skal sikrast.