«Rett opp og ned»
4/3/2015 19:00
Konserten på toppen av Tysnessåto i fjor var aldri meint at skulle bli noko tradisjon. Men..
Massivt press frå publikum, ein fantastisk artist, og realiteten ved at det faktisk er friluftslivets år i år, sørgja for at ein også til sommaren vil få oppleva ein av dei mest spektakulære konsertane som er levert på Tysnes.
I fjor var det 550 stk. som tok vegen til fjells.
Målet i år er å tangera høgda på Tysnessåto, og slik få 753 menneske til topps!
Lars Vaular gler seg som ein unge, og det gjer me og!
Lars Vaular platedebuterte i 2003.
11 år etter har han hatt drøssevis med hits som ”Øynene Lukket”, «Nonsens», ”Solbriller På”, ”Rett Opp og Ned” og han har samarbeida med nokon av Noregs største artistar som for eksempel Sondre Lerche, Jan Eggum og Bjørn Eidsvåg.
Han har vunne tre Spellemannspriser og blitt tildelt fleire prisar for sine norskspråklige tekstar.
I 2013 slapp han si femte soloskive ”1001 Hjem” til strålende kritikkar over heile linja.
Lars Vaular er igjen klar med nytt album i “666 Alt”, som er første del av ein albumserie.
“666 Alt” inneheld blant anna låtane «Tyrannosaurus Sex», «DD Eg Gjør» og «Bodyslammin’», og har fått fantastiske kritikkar.
Kritikarane trur 2015 vert litt av eit Vaularår.
Her kan ein sjå korleis det såg ut då Oslo Ess hadde konsert på Tysnessåto i fjor:
[youtube]uFtgTc9YWiU[/youtube]