Resultat Ramnanuten Opp

Publisert av:
9/7/2015 07:39

På motbakkeløpet onsdag 8. juli var det 83 reigistrerte som stilte til fellesstart.

Marthe G. Birkeland ved SvingenPuls fortel at det i tillegg var ein del familiar med born som tok turen opp, noko ho synast var veldig kjekt.

Vinnar i herreklassen vart Jørgen Austvik med dagens bestetid 17:03.

Kvinneklassen vann Pernilla Epland med tida 20:31.

SvingenPuls ynskjer å takke alle friviljuge og bedrifter som hjalp til å få i stand det aller fyrste Ramnanuten Opp. -Og ikkje minst tusen takk til alle deltakarane, store og små. Håpar me sjåast igjen på Tysnesfest 2016!