Publisert av:
31/1/2015 10:48
Resultat frå hjortejakta
Ut frå tala på Hjorteviltregisteret.no ser ein at det dei tre siste åra har vore tildelt fleire løyver medan fellingsposenten har gått noko ned.
Fellingsstatistikk for Tysnes:
2012 tildelt 685 løyver, og felt 604, fellingsprosent 88,2%.
2013 tildelt 695 løyver, og felt 590, fellingsprosent 84,9%
2014 tildelt 756, og felt 600, fellingsprosent 79,4%
Totalt i Hordaland felt 5910 i 2014 mot 7750 i 2013.
Statistikk over felte hjort i nærliggande kommunar
| Kommune | 2013 | 2014 |
| Fusa | 595 | 597 |
| Kvinnherad | 1042 | 937 |
| Os | 191 | 173 |
| Austevoll | 79 | 72 |
| Bømlo | 135 | 124 |
Tysnesingen.no var i kontakt med Johan Bergerud på landbrukskontoret tidlegare denne veka. Han opplyste då at det var nokre få vald han ikkje har fått inn fellingstala frå, så statistikken må lesast med eit lite atterhald.