Publisert av: May Britt Meland
4/4/2023 19:10
Reksteren rundt til fots
Det vart ein flott “Reksteren rundt til fots”-tur, palmesøndag 2. april. Vi starta med 20 turgåarar, men kom til Frøkedal med 27. Vi tolkar det som om oppsluttninga om Tysnes Turlag er aukande.
Nokre få lukkedråpar på Dalstuva vert avløyst av sol og lettskya vær resten av turen. Vi brukte tre timar til Gjøvågsvarden og to timar derfrå til Frøkedal, der frøkedølingane venta med pizza, pølser, saft og kaffi.
Ein god pust i bakken etter ein strålande tur. Takk til alle som var med og takk til Reksteren Idrettslag for god guiding og god stemning ved grillen.
Tekst og foto: Tysnes Turlag