Illustrasjonsbilete

Rekruttering til arbeidslivet

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/5/2021 12:05

Korleis kan arbeidsgjevar og NAV samskape moglegheiter for den einskilde?

 I mai skal NAV i region Sunnhordland halde to ulike Webinar for deg som er arbeidsgjevar, har personalansvar, eller har annan sentral rolle i verksemda.

I det eine webinaret, Mangfaldig rekruttering, tar ein føre seg dei utfordringar med utenforskap, som er blitt forsterka under koronapandemien. Nokre grupper var særleg utsatt på arbeidsmarknaden også før korona, og det det er viktigare enn nokon gong å auka innsatsen for å inkludera flest mogeleg i arbeidslivet, og å hindra utenforskap.

Dette webinaret skal vera 27. mai klokka 08.30 – 09.00

 

Det andre webinaret, Lågare sjukefråver med betre arbeidsmiljø, handlar om korleis du som arbeidsgjevar kan nytte deg av den nye Arbeidsmiljøportalen. Og for å redusera sjukefråveret, kan det vera mogeleg å la seg inspirere av metoden som Bømlo kommune og NAV jobbar etter?

Dette webinaret skal vera 3. juni klokka 08.30 – 09.00

Her kan du lese meir om webinara, kven du kan treffa og påmelding:

Mangfaldig rekruttering

Lågare sjukefråver med betre arbeidsmiljø