Publisert av:
23/12/2009 07:21
Reiserefusjon ut av NAV
Frå den 1. januar 2010 kan ein ikkje lenger levera inn krav om reiserefusjon ved NAV kontora.
Frå denne dato er det Helse Vest som skal ha alle krav om reiserefusjon. Alle krav må sendast dit.
Adressa dit er:
Helseforetakenes Senter for Pasientreiser ANS. Postboks 2533 SKIEN.
NAV kontoret skal heller ikkje lenger ha skjema for reiserefusjon, opplyser NAV leiaren.
Dette kan lastast ned frå internett: pasientreiser.no.
Ein kan også få skjema på legekontoret og på alle sjukehusa i landet.
Har du spørsmål angående pasientreiser, kan du ringe 05515 eller sjå www.pasientreiser.no. Her får du informasjon om rettigheter, og hjelp til reiseplanlegging og utfylling av reiseregningsskjema.